Service og tinging

Serviceskyss / Tingingsruter

Tingingsruter – tlf 577 25 000
Tingingsruter er ruter som berre skal køyrast mot førehandstinging. Kva ruter dette gjeld finn ein på www.kringom.no.
Transporten skal tingast innan kl. 15.00 dagen i førevegen. Skyssen skal tingast på telefon 577 25000.
Ruter som vert køyrde dersom passasjer (x-stopp) er ei form for tingingsrute der tinginga blir gjort om bord i bussen når passasjeren kjøper billett eller mot førehandstinging.

Serviceskyss – tinging
Serviceskyss er ei utvida form for tingingsrute som skal køyrast etter direkte tinging frå den reisande. Hovudmålet for denne skyssen er å finne løysingar som aukar mobiliteten til dei eldre og dei med funksjonshemming. Skyssen er eit tilbod utforma av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med kommunane.
Brukarane vert henta heime og transportert til sentrum eller anna samlingsplass der dei har ulike velferdstilbod innad i kommunen. Det varierer frå kommune til kommune kor ofte skyssen går.

I samband med bussanbodet i Sunnfjord er serviceskyssen teken inn som ein del av oppdraget.
Brukarane tingar skyssen som før hos lokal drosjeeigar i kommunen. Drosjene vil så organisere serviceskyssen for påfølgande dag.

Unnataket er på følgjande ruteområde: Flora, Balestrand, Førde, Viksdalen. Her må turen tingast på telefon 918 96 400 virkedagen før inna kl.15.30.

Heider til tilsette i Firda Billag Gruppa

På ei tilstelning på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde 7. januar 2017 fekk 2 tilsette i Firda Billag Buss AS, 1 tilsett i Transferd AS og 1 tilsett i Trucknor Firda AS NHO Transport sitt heidersteikn med diplom for 25 års teneste i selskapet. I tillegg var det markering av tilsette som har gått av med alderspensjon/afp.

Framme frå venstre: Steinar Hårklau, Olav Flatjord, Else Sørbø, Mildrid Flatjord Fonn, Jørund Flatjord, Peter Midthun (adm.direktør i Firda Billag).
Rekke 2 frå venstre: Helge Nedrebø, Lars Magne Taraldset, Vidar Lien.
Rekke 3 frå venstre: Magnar Skaare, Asgeir Myklebust, Sverre Eimhjellen.
Rekke 4 frå venstre: Kåre Maurset, Svein Ryssdalsnes, Kurt Ove Åsnes.
Rekke 5 frå venstre: Erik Olav Hagen, Terje Hammerseth, Kåre Skeistrand.

Foto: Olav Reiakvam.

 

Firda Billag set miljøet i fokus

Firda Billag Buss testar no fylkets første hybridbuss

Test av hybridbussen skjer i samarbeid med Volvo. Bussen skal brukast som bybuss i Førde i ein prøveperiode på 1 år.

Ein skulle tru at store dieselmotorar i lastebilar og bussar forureinar mykje meir enn privatbilar. Slik er det ikkje, då desse har ein anna renseteknologi enn personbilar.

Firda Billag Buss AS og Transferd AS har dei siste tre åra investert over 200 millionar kroner i oppgradering av vognparken til EURO-6 standard, og testar no hybridbuss for første gong i fylket.

I tillegg til store investeringar i moderne teknologi og utstyr har godsselskapet Transferd AS gjennomført eit eige prosjekt «På riktig side» i samarbeid med Norsk Lastebileigarforbund.
Dette prosjektet har mellom anna som mål å redusere forbruket av drivstoff. Det er blitt helde kurs i økonomisk køyring, og kvar einskild sjåfør sitt forbruk av drivstoff blir systematisk følgt opp.

Økonomisk køyring gjer at dieselforbruket går ned og det vert mindre slitasje. Dette kjem både miljøet og kundane til gode. I tillegg meiner vi at økonomisk køyring er eit godt bidrag til trafikktryggleik. 

Det er ikkje berre innan buss- og godstrafikk Firda Billag-gruppa satsar på miljøvennleg teknologi. Gruppa eig også AVIS Fjordane Bilutleige AS, som leiger ut privatbilar, varebilar og minibussar i Sunnfjord, og har til liks med Buss-selskapet og Transferd AS vore offensive på miljøinvesteringar. Vi har totalt 100 utleigebilar til utleige – av desse er no 3. kvar bil hybrid.

Firda Billag Buss er også blitt sertifisert etter den internasjonale miljøstyringsstandarden ISO 14001.
Å dokumentere at vi har eit miljøfokus er viktig for heile Firda Billag-gruppa. Vi kan då overfor kundar, tilsette , leverandørar, eigarar og samfunnet elles vise til at vi arbeider systematisk og målretta for å redusere vårt miljømessige fotavtrykk.

Linkar:
Artikkel frå lastebilen.no
http://lastebil.no/Aktuelt/Nyhetsarkiv/2017/Dieselforbud-i-Oslo-Euro-VI-lastebilene-renser-lufta

Rapport frå Transportøkonomisk institutt
https://www.toi.no/getfile.php?mmfileid=40122