30-års jubileum for NX170 (Sogn og Fjordane-Ekspressen)

Det heile starta 13. februar 1988 med ein dagleg avgang Førde – Oslo/Oslo – Førde i kvar retning. Før dette så hadde ein køyrd Førde – Gol i korrespondanse med toget til Oslo i fleire år. Det var ei nyvinning i kollektivtrafikktilbodet at ein fekk konsesjon til å køyre parallelt med jernbanen heilt inn til Oslo!

3 millionar passasjerar på 30 år!
Det handlar om ekspressbussen frå Førde til Oslo, NX170 som vi kallar den i dag, men for mange kjent som «Sogn og Fjordane ekspressen». Gjennom dei 30 åra som har gått, har denne ruta frakta 3 millionar passasjerar!

Samarbeid mellom Sogn Billag og Firda Billag
Sogn og Fjordane ekspressen vart etablert som eit samarbeid mellom Firda Billag og Sogn Billag. Samarbeidet mellom desse to selskapa har stått fast frå første dag. Sogn Billag blei i 2012 ein del av Nettbuss-konsernet, og kommersiell verksemd derimellom turbuss og ekspressbussar er i dag i Nettbuss Travel.

Sjåfør frå første tur køyrer framleis på ruta!
Olav Grinde som køyrde første tur frå Oslo 13. februar 1988, er framleis fast sjåfør på ruta! Det er ingen tvil om at det hos Olav er mange gode historier og mykje god erfaring frå alle desse åra på vegen mellom Førde og Oslo.

Store endringar på vegane gjennom 30 år
Dei første åra gjekk ruta Førde – Vadheim – Høyanger – Sogndal – Gol – Drammen – Oslo. For kundane var det eit stort framsteg å sleppe å byte transportmiddel på Gol undervegs på reiser til hovudstaden. Då Fjærlandsvegen opna hausten 1994 blei køyretida redusert med 1 time og 30 minutt. Seinare har ferjesambandet Mannheller – Fodnes og ei rekke tunellar og bete veg i Lærdalsdalen også ført til vesentleg kortare reisetid.

Gradvis utvikling av produktet
Det starta med ein dagbuss. Seinare blei det oppstart av nattbuss i 1990. Dei første åra køyrde ein kombibussar med stort lasterom bak og ein hadde avtale med Posten om frakt av post aust/vest.
Dei som trudde at Bus4You-konseptet var det første i Noreg med 2 + 1 seter i breidda, tar skammeleg feil. Sogn og Fjordane ekspressen hadde dette allereie i 1995, to bussar med høg komfort og 2 + 1 seter, totalt 37 seter. Avgang nummer tre blei starta opp i 1995 og det var totalt 3 daglege avgangar.

Frå Nor-Way til Nettbuss express
Ruta var ein del av Nor-Way Bussekspress frå 1988 til 2013 med kvite bussar med dei karakteristiske raude og blå stripene på sida.
Frå 1. mai 2013 blei det gjort store endringar gjennom ny merkevare med Nettbuss express og blålilla bussar. Det blei sett stort digitalt fokus, og i dag er 75 % av alle billettar førehandsselde på internett, mobil eller automat.

Ekspressbuss er viktig for kommunikasjon
Sogn og Fjordane ekspressen (NX170) har hatt ei svært viktig rolle for folk på farten inn og ut av fylket av Sogn og Fjordane, både for folk som bur i fylket, studentar som skal til og frå studiestadane sine og for turistar som skal besøke fjordfylket.

Jubileumsmarkering på bussene
Det blir ei symbolsk markering på alle bussane til Sogn og Fjordane ekspressen tysdag 13. februar.