Tingingsruter – 577 25000

Tingingsruter er ruter som berre skal køyrast mot førehandstinging. Kva ruter dette gjeld finn ein på www.kringom.no.

  • Transporten skal tingast innan kl. 15.00 dagen i førevegen
  • Skyssen skal tingast på telefon 577 25000
  • Ruter som vert køyrde dersom passasjer (x-stopp) er ei form for tingingsrute der tinginga blir gjort om bord i bussen når passasjeren kjøper billett eller mot førehandstinging

 

Serviceskyss – tinging

Service og tinging

Serviceskyss er ei utvida form for tingingsrute som skal køyrast etter direkte tinging frå den reisande. Hovudmålet for denne skyssen er å finne løysingar som aukar mobiliteten til dei eldre og dei med funksjonshemming. Skyssen er eit tilbod utforma av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med kommunane. Brukarane vert henta heime og transportert til sentrum eller anna samlingsplass der dei har ulike velferdstilbod innad i kommunen. Det varierer frå kommune til kommune kor ofte skyssen går.

I samband med bussanbodet i Sunnfjord er serviceskyssen teken inn som ein del av oppdraget.

  • Brukarane tingar skyssen som før hos lokal drosjeeigar i kommunen
  • Drosjene vil så organisere serviceskyssen for påfølgande dag

 

Unnataket er på følgjande ruteområde:

  • Flora, Balestrand, Førde, Viksdalen
    • Her må turen tingast på telefon 918 96 400 virkedagen før innan kl.15.30.