Ekspressbuss

Fjordekspressen Bergen-Førde-Nordfjordeid-Volda-Ålesund

Fjordekspressen Bergen-Førde-Stryn-Trondheim

Førde-Sogndal-Drammen/Gardermoen-Oslo NX170

All billettering skjer elektronisk og i tillegg til kontant betaling kan ein bruke visa- og mastercard (Visa electron gjeld ikkje). Vi oppfordrar alle til å betale med kort.

Firda Billag var med og starta NOR-WAY Bussekspress som organiserer eit nettverk av ekspressbussar i heile landet. Ekspressbussane krysser fylkesgrenser på daglege ruter til og frå dei store byane.

Reisetilbod og reisekomfort er under kontinuerleg utvikling. Dei nyaste bussane våre på Fjordekspressen og ruta Førde-Oslo er døme på at Firda Billag satsar på å tilby dei reisande topp komfort. Sjåførane har lang erfaring og gjev passasjerane topp service og behageleg køyrestil.

Frå 1.mai 2013 er det Nettbuss Express som driftar ruta Førde-Oslo, der Firda Billag er ein samkøyrande part i lag med Nettbuss Sogn Billag.