Flybuss

Flybussen køyrer til og frå alle flyankomstar og flyavgangar ved Førde Lufthamn Bringeland.
Bruk dette gode tilbodet når du skal reise med fly.

Flybussen køyrer alle rutene slik:
Vieåsen-Førde Sentralsjukehus-Angedalsvegen-Firda Billag Rutebilstasjon-Halbrendslia-Førde Lufthamn Bringeland.

Flybussen går til alle flyavgangar etter følgjande rutetider:
Vieåsen                                    75 minutt før flyavgang
Førde Sentralsjukehus          70 minutt før flyavgang
Firda Billag Rutebilstasjon    60 minutt før flyavgang
Slåttebakkane vegkryss         55 minutt før flyavgang

Etter flyankomst køyrer flybussen direkte til Firda Billag Rutebilstasjon og dersom passasjerar vidare til Angedalsvegen-Førde Sentralsjukehus-Vieåsen.

Velkomen om bord!