BILLETTAR & KORT

Elektroniske kundekort for buss og båt i Sogn og Fjordane

I dag kan du betale med VISA eller Mastercard på bussen. Eit online betalingssystem er under utarbeiding. Dette vil då seie at alle kan betale med bankkort på bussen – også VISA electron. Ein føresetnad er at betalingsterminalen er innan mobildekningsområdet.
Om du ynskjer refusjon for eitt utgått Firda Billag produsert Ungdomskort eller Periodekort, og ikkje kan nå oss i opningstida, send oss kortet i posten saman med siste billett, betalingsinformasjon, kontonummer, tlfnr og namn det skal refunderast til. Send dette til Firda Billag Buss AS, Postboks 204, 6802 Førde.

Har du spørsmål kring Periodekort og Ungdomskort, send oss elektronisk post til: kort@firda-billag.no

Kontakt oss

Verdikort

Valfrie påfyllingsbeløp på buss;
kr 300, kr 500 eller kr 1000

Kortet kjøper du direkte på buss, båt eller ferje.

Ungdomskort

Bilete er påkrevd

Pris: kr 390 for 30 dagar.
Det nye elektroniske ungdomskortet kan påfyllast for ein
periode på 30 dagar – uavhengig av kalendermånad.

Søknad om elektronisk kort her

Periodekort

Bilete er påkrevd

Pris: Varierer etter reiselengda kortet skal gjelde for,
men gjev ca 40% rabatt ved 20 tur-retur reiser pr månad.

Søknad om elektronisk kort her

Pristabell

Studentkort

Bilete er påkrevd

Er du student ved ein fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet, og er under 30 år, kan kjøpe eit studentkort. Studentkort er det same som eit periodekort, men du får 40% rabatt i tillegg til den vanlege periodekortrabatten.

Vilkåra elles er like som for eit periodekort.

Søknad om elektronisk kort her

Pristabell