Turbuss – Minibuss – Veteranbuss

Firda Billag har lang erfaring når det gjeld turkøyring og vi utfører alt frå korte dagsturar til lengre reiser med overnatting. Firda Billag eig Fjordane Reisebyrå som arrangerer bussturar for små og store grupper. Reisebyrået skreddarsyr reiseopplegg som inkluderer transport, overnatting, matservering, guide og opplevingar.

Firda Billag har også i mange år samarbeidd med turoperatørar om turkøyring i Norden, Skandinavia, Tyskland, Polen og Baltikum. Mange av våre sjåførar har derfor lang internasjonal erfaring og har god kunnskap, både når det gjeld lokale forhold og geografi. Frå april til oktober fraktar vi mange cruisebåtpassasjerar i Nordfjord, Florø og Sunnmøre.

Turbussparken er mangfaldig og dekker dei fleste transportbehova. Vi har turbussar med 22 regulerbare sete med god bagasjeplass til større bussar med opp til 50 sete med god seteavstand, toalett, internettilgang m.m. Vi legg vekt på at bussane skal vere ein komfortabel og behageleg del av reisa.

Kontakt oss på e-post: tur@firda-billag.no eller fyll ut kontaktskjema for eit uforpliktande tilbod på bussleige.