Sogn og Fjordane Mållag har tildelt årets målpris til Firda Billag

Henta frå avisa Firda:

Det var på laurdagens årsmøte til Sogn og Fjordane Mållag i Sogndal, mållaget delte ut årets målpris til Firda Billag, skriv Sogn og Fjordane Mållag i ei pressemelding.
Det interkommunale transportselskapet mad base i Førde vart starta i 1920, og har ifølgje pressemeldinga hatt nynorsk som administrasjonsspråk sidan selskapet frå mållagshald vart oppfordra til å trykkje ruteheftet sitt på nynorsk i 1934.
I dag er Firda Billag ein stor og viktig aktør på person- og godstransport og der språk er ein del av identiteten. Både morselskap og alle dotterselskap nyttar nynorsk i alt skriftleg materiale, både på papir og nett. Dagens direktør for selskapet, Peter Midthun, er òg ein god ambassadør for nynorsk og han har på ein framifrå måte ført vidare arven frå 1934, heiter det i grunngjevinga frå mållaget.
– Dette er eg oppriktig glad for, sa Midthun då han tok mot prisen. Han sa vidare det er eit ufråvikeleg krav at skriftleg materiale frå billaget, skal vere på nynorsk.
Direktøren var klar på at han personleg er oppteken av korrekt målbruk, og at han opplever mykje dårleg språk både i media og elles i samfunnet. Noko av skulda for dette legg Midthun på utstrekt bruk av sosiale media mellom folk flest, samt det som har utvikla seg til eit eige SMS-språk.

30-års jubileum for NX170 (Sogn og Fjordane-Ekspressen)

Det heile starta 13. februar 1988 med ein dagleg avgang Førde – Oslo/Oslo – Førde i kvar retning. Før dette så hadde ein køyrd Førde – Gol i korrespondanse med toget til Oslo i fleire år. Det var ei nyvinning i kollektivtrafikktilbodet at ein fekk konsesjon til å køyre parallelt med jernbanen heilt inn til Oslo!

3 millionar passasjerar på 30 år!
Det handlar om ekspressbussen frå Førde til Oslo, NX170 som vi kallar den i dag, men for mange kjent som «Sogn og Fjordane ekspressen». Gjennom dei 30 åra som har gått, har denne ruta frakta 3 millionar passasjerar!

Samarbeid mellom Sogn Billag og Firda Billag
Sogn og Fjordane ekspressen vart etablert som eit samarbeid mellom Firda Billag og Sogn Billag. Samarbeidet mellom desse to selskapa har stått fast frå første dag. Sogn Billag blei i 2012 ein del av Nettbuss-konsernet, og kommersiell verksemd derimellom turbuss og ekspressbussar er i dag i Nettbuss Travel.

Sjåfør frå første tur køyrer framleis på ruta!
Olav Grinde som køyrde første tur frå Oslo 13. februar 1988, er framleis fast sjåfør på ruta! Det er ingen tvil om at det hos Olav er mange gode historier og mykje god erfaring frå alle desse åra på vegen mellom Førde og Oslo.

Store endringar på vegane gjennom 30 år
Dei første åra gjekk ruta Førde – Vadheim – Høyanger – Sogndal – Gol – Drammen – Oslo. For kundane var det eit stort framsteg å sleppe å byte transportmiddel på Gol undervegs på reiser til hovudstaden. Då Fjærlandsvegen opna hausten 1994 blei køyretida redusert med 1 time og 30 minutt. Seinare har ferjesambandet Mannheller – Fodnes og ei rekke tunellar og bete veg i Lærdalsdalen også ført til vesentleg kortare reisetid.

Gradvis utvikling av produktet
Det starta med ein dagbuss. Seinare blei det oppstart av nattbuss i 1990. Dei første åra køyrde ein kombibussar med stort lasterom bak og ein hadde avtale med Posten om frakt av post aust/vest.
Dei som trudde at Bus4You-konseptet var det første i Noreg med 2 + 1 seter i breidda, tar skammeleg feil. Sogn og Fjordane ekspressen hadde dette allereie i 1995, to bussar med høg komfort og 2 + 1 seter, totalt 37 seter. Avgang nummer tre blei starta opp i 1995 og det var totalt 3 daglege avgangar.

Frå Nor-Way til Nettbuss express
Ruta var ein del av Nor-Way Bussekspress frå 1988 til 2013 med kvite bussar med dei karakteristiske raude og blå stripene på sida.
Frå 1. mai 2013 blei det gjort store endringar gjennom ny merkevare med Nettbuss express og blålilla bussar. Det blei sett stort digitalt fokus, og i dag er 75 % av alle billettar førehandsselde på internett, mobil eller automat.

Ekspressbuss er viktig for kommunikasjon
Sogn og Fjordane ekspressen (NX170) har hatt ei svært viktig rolle for folk på farten inn og ut av fylket av Sogn og Fjordane, både for folk som bur i fylket, studentar som skal til og frå studiestadane sine og for turistar som skal besøke fjordfylket.

Jubileumsmarkering på bussene
Det blir ei symbolsk markering på alle bussane til Sogn og Fjordane ekspressen tysdag 13. februar.

 

Heider til tilsette i Firda Billag gruppa

På ei tilstelning på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde 6. januar 2018 var det markering av tilsette som har gått av med afp/alderspensjon i løpet av 2017.

Bak frå venstre: Edin Johan Lingjerde (Transferd), Bjørn Grytås (Trucknor Firda), Magnar Hole (Firda Billag Buss), Arild Vonen (Firda Billag Buss), Hjalmar Kåre Ness (Firda Billag Buss), Wilhelm Gjertsen (Firda Billag), Henrik Sigbjørn Rørvik (Firda Billag Buss).
Framme frå venstre: Peter Midthun (adm.direktør), Sigrun Irene Nedreberg (administrasjonen), Oddbjørg Helgheim (Firda Billag Buss), Audun Hovland (Firda Billag Buss).

Foto: Olav Reiakvam.

Service og tinging

Serviceskyss / Tingingsruter

Tingingsruter – tlf 577 25 000
Tingingsruter er ruter som berre skal køyrast mot førehandstinging. Kva ruter dette gjeld finn ein på www.kringom.no.
Transporten skal tingast innan kl. 15.00 dagen i førevegen. Skyssen skal tingast på telefon 577 25000.
Ruter som vert køyrde dersom passasjer (x-stopp) er ei form for tingingsrute der tinginga blir gjort om bord i bussen når passasjeren kjøper billett eller mot førehandstinging.

Serviceskyss – tinging
Serviceskyss er ei utvida form for tingingsrute som skal køyrast etter direkte tinging frå den reisande. Hovudmålet for denne skyssen er å finne løysingar som aukar mobiliteten til dei eldre og dei med funksjonshemming. Skyssen er eit tilbod utforma av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med kommunane.
Brukarane vert henta heime og transportert til sentrum eller anna samlingsplass der dei har ulike velferdstilbod innad i kommunen. Det varierer frå kommune til kommune kor ofte skyssen går.

I samband med bussanbodet i Sunnfjord er serviceskyssen teken inn som ein del av oppdraget.
Brukarane tingar skyssen som før hos lokal drosjeeigar i kommunen. Drosjene vil så organisere serviceskyssen for påfølgande dag.

Unnataket er på følgjande ruteområde: Flora, Balestrand, Førde, Viksdalen. Her må turen tingast på telefon 918 96 400 virkedagen før inna kl.15.30.

Firda Billag set miljøet i fokus

Firda Billag Buss testar no fylkets første hybridbuss

Test av hybridbussen skjer i samarbeid med Volvo. Bussen skal brukast som bybuss i Førde i ein prøveperiode på 1 år.

Ein skulle tru at store dieselmotorar i lastebilar og bussar forureinar mykje meir enn privatbilar. Slik er det ikkje, då desse har ein anna renseteknologi enn personbilar.

Firda Billag Buss AS og Transferd AS har dei siste tre åra investert over 200 millionar kroner i oppgradering av vognparken til EURO-6 standard, og testar no hybridbuss for første gong i fylket.

I tillegg til store investeringar i moderne teknologi og utstyr har godsselskapet Transferd AS gjennomført eit eige prosjekt «På riktig side» i samarbeid med Norsk Lastebileigarforbund.
Dette prosjektet har mellom anna som mål å redusere forbruket av drivstoff. Det er blitt helde kurs i økonomisk køyring, og kvar einskild sjåfør sitt forbruk av drivstoff blir systematisk følgt opp.

Økonomisk køyring gjer at dieselforbruket går ned og det vert mindre slitasje. Dette kjem både miljøet og kundane til gode. I tillegg meiner vi at økonomisk køyring er eit godt bidrag til trafikktryggleik. 

Det er ikkje berre innan buss- og godstrafikk Firda Billag-gruppa satsar på miljøvennleg teknologi. Gruppa eig også AVIS Fjordane Bilutleige AS, som leiger ut privatbilar, varebilar og minibussar i Sunnfjord, og har til liks med Buss-selskapet og Transferd AS vore offensive på miljøinvesteringar. Vi har totalt 100 utleigebilar til utleige – av desse er no 3. kvar bil hybrid.

Firda Billag Buss er også blitt sertifisert etter den internasjonale miljøstyringsstandarden ISO 14001.
Å dokumentere at vi har eit miljøfokus er viktig for heile Firda Billag-gruppa. Vi kan då overfor kundar, tilsette , leverandørar, eigarar og samfunnet elles vise til at vi arbeider systematisk og målretta for å redusere vårt miljømessige fotavtrykk.

Linkar:
Artikkel frå lastebilen.no
http://lastebil.no/Aktuelt/Nyhetsarkiv/2017/Dieselforbud-i-Oslo-Euro-VI-lastebilene-renser-lufta

Rapport frå Transportøkonomisk institutt
https://www.toi.no/getfile.php?mmfileid=40122